Det er Tradisjonsbygg AS som står bak oppføringa. Bedrifta held til på Sunndalsøra og tek på seg byggings- og restaureringsoppdrag over heile Midt-Noreg. Dei har særleg spesialisert seg på god, gammaldags handlafting. Leif Johansen i Tradisjonsbygg fortel at bua på Hoelseidet har historie.

–Sjølve bua kjem frå Oppdal, der ho har lege nedmontert i 20 år. Det er vanleg å ta ned laftehus for å ta vare på treverket og sette ho opp att. Vi veit faktisk ikkje kva bua har vorte nytta til før, men det kan ha vore eit høyløe eller uthus, fortel han.

Rådmann i Sunndal, Per Ove Dahl, fortel at dei hadde tenkt å sette opp noko langt stusseligare på plassen.

–Ja, plana var faktisk å sette opp ei campingvogn. men det fekk vi rett og slett ikkje lov til av Leif, ler han, og legg til:

–Vi er utruleg glade for at Leif og Tradisjonsbygg har gjort ein så flott jobb, det gjør seg med ei laftabu!

Bua kjem til å stå heile sommaren, og vert nedmontert til hausten.

–Om den nye turistinformasjonen vert ein suksess sett vi opp bua att til neste sommar, fortel Dahl.

Dyrisk velkomst

På turistinformasjonen vert det mogleg å få råd, informasjon, tips og kaffe. Inne i bua heng plakatar, kart og bilde. det har også vorte plass til ein lite kaffekrok. Håkon Gravem Isaksen og Johan Nordvik er tilsette for sommaren, og dei kan i tillegg by på ein god prat og breie smil. Dei to er ikkje åleine i bua.

–Vi har fått låne ein utstoppa jerv frå Nasjonalparksenteret på Gjøra, den vert nok ein god isbrytar og heitt samtaleemne utover sommaren. Vi ville låne moskusen, men den fekk ikkje plass, ler Håkon. Håkon og Johan er godt kjente i dalføret og er taleføre på norsk og engelsk.

–Vi kan litt tysk også, så det skal gå bra, legg Johan til.

Sunndal kommune satsar 2,6 millionar på turisme over dei neste fire åra. Les meir om dette og den nye turistinformasjonen i Driva fredag!