Mens Helse Vest melder at sjukehusjournalane snart er tilgjengeleg for fastlegane, og etter kvart også dei kommunale legevaktene, strevar Helse Midt-Norge med sitt eige system Helseplattformen.

Klokka 10 starta ekstraordinært styremøte i Helse Møre og Romsdal. Styret skal ta stilling til om Helseplattformen skal innførast til våren som planlagd, eller om det er behov for å gå i dialog med Helse Midt om ein ny plan for innføring.

Dersom styret utset, gjer dei det ikkje minst på grunn pasientsikkerheita.

Administrerande direktør Olav Lødemel har innstilt på å utsetje på grunn av problema i Trøndelag. Styret skal gje ei tilråding til Helse Midt-Norge, som avgjer saka 13. desember.

Nasjonal pilot

Oppdraget med «ein pasient ein journal» blei i si tid bestilt frå staten og helseministeren.

Dette har brukarutvalet minna om no i forkant av styremøtet.

Styreleiar: – Kjempekrevjande

– Etter seks år som styreleiar, er kanskje dette den vanskelegaste saka å diskutere.

Det sa styreleiar Ingve Theodorsen i starten av møtet.

– Her handlar det om pasientsikkerheit, og det handlar om økonomi, sa styreleiaren.

Treng fornying

Kritikken mot Helseplattformen har vore sterk særleg frå legane. Adm.dir. Olav Lødemel, som sjølv er utdanna lege, omtalte dette som «gjennomtenkte innspel som viser at medarbeidarar har sett seg godt inn i problemstillinga».

Samtidig er dei eksisterande IT-systema gamle og treng fornying, sa Lødemel.

Helsetilsynet

Lødemel orienterte om at Helsetilsynet særleg har peika på to kritiske punkt som er viktig å rette opp:

Utfordring med låst journal, og meldings- og informasjonsflyten. Dette bør vere løyst før nye går på løysinga, har Helsetilsynet sagt.

Også Riksrevisjonen har opna sak. Dei kom med ein rapport 21. november.

Ventetid for behandling og kontroll

Ventetida for behandlinga på sjukehusa i fylket har lenge vore betre enn gjennomsnittet i landet. Samtidig er ventetida langt over det den var før pandemien. Ventetida no er rundt 74-75 dagar.

Med innføring av Helseplattformen i april 2024, har dei no berekna at ventetida kan auke til 130-140, og at dette vil vare heile andre halvår 2024. Det opplyste fagdirektør Erik Solligård.

– Kapasiteten vår ser ut til å vere tatt ut allereie no, sa Solligård.

Smp.no følgjer styremøtet i Helse Møre og Romsdal og publiserer fortløpande nye artiklar: