–Framtida ser lys ut! seier Alice. Men livet har ikkje alltid vore lett, ho har ei mørk fortid bak seg. Alice hamna i rusens famn frå ein tidleg alder.

Foreldra til Alice er knytt til Sunndalsøra, mora er sunndaling og faren, Stig Nilsson, er forfattaren av spelet om Lady Arbuthnott. Familien budde i Fredrikstad, men flytta seinare til Sunndalsøra.

– Då eg var 15 rusa eg meg allereie. Foreldra mine bestemte seg for at vi skulle flytte til Sunndalsøra. Håpet var at det skulle verte ein ny start for meg, vekk frå rusmiljøet, fortel ho. Men Alice fann eit nytt rusmiljø på Sunndalsøra.

– Ei stund gjekk eg på skule, var med på teater og jobba i Driva. men rusen tok meir og meir overhand. Då eg var 18 flytta eg frå Sunndalsøra, fortel Alice.

Bostadslaus

Tida etter at ho flytta frå Sunndalsøra sank Alice djupare og djupare ned i rusmisbruket.

–Eg reiste rundt. Eg har opplevd å ikkje ha nokon plass å bu. Livet som rusmisbrukar er eit liv i elende. Eg prøvde å slutte mange gonger, og starta på ein sosionomutdanning i Oslo. Eg fekk faktisk gjennomført utdanninga, men var rusa i delar av studietida, fortel ho.

Så sa det stopp. Alice traff botnen.

–Eg vart psykisk sjuk. Det gjekk raskt, frå ein dag til ein anna. Eg vart lagt inn på akuttpsykiatrisk i Molde, der vart eg i eit halvt år. Det kjendest som om alt håp var ute, eg hadde ikkje noko tru på ei framtid. Eg klarte ikkje gjere enkle, kvardagslege ting.

Etter opphaldet i Molde flytta Alice til Sunndalsøra att.

–I tida etter behandlinga ville eg berre ruse meg og døy. Det vart raskt ille. Eg tok fleire overdosar, og deltok i kriminelle handlingar, fortel ho.

Frå himmelen

Redninga kom frå himmelen.

– Eg hadde nyleg teke ei overdose der eg vart erklært død ei lita stund. I tillegg hadde eg vore i ei bilulykke. Pinsemeingheita i Sunndal hadde høyrt om meg, og dei hadde begynt å be for meg. Eg var humanetikar, og religion kjendest fjernt. Pinsemeingheita begynte å oppsøke meg, eg tykte det var litt uvant og rart, men gjekk med på å vere med på eit møte. På det møtet vart eg spurt om eg ville ta imot Jesus. Eg sa ja, det var ei veldig sterk oppleving. Glede vart kasta inn i livet mitt, fortel Alice.

Med trua kom lys inn i livet, men Alice sleit framleis med rus.

– Eg var på veg frå Sunndalsøra til Oslo ein tur, målet med turen var rett og slett å kjøpe stoff. Eg stoppa i Drammen ei kort stund, og der møtte eg Kjetil.

Kjetil Sterri Mørch var på rømmen frå ei soning i Ringerike fengsel. Han sleit også med rusmisbruk. Dei to møttest. Det sa pang.

– Det var kjærleik frå fyrste blikk. Vi fekk berre litt tid saman, så kom politiet og Kjetil måtte springe. Vi rakk heldigvis å utveksle telefonnummer, fortel Alice. Kjetil og Alice hadde trua til felles. Onkelen til Kjetil, Ludvig Karlsen, grunnla Pinsevennenes evangeliesenter, som er rehabiliteringsentre for rusmisbrukarar.

Bryllaup i fengsel

Alice var heime på Sunndalsøra då Kjetil ringde. Dei vart fort eit par.

– Den fyrste månaden vi var saman var Kjetil framleis på rømmen. Eg tok mange turar til Mjøndalen, der han budde. Vi bestemte oss for å søke hjelp saman, fortel Alice.

Fortida innhenta han, og Kjetil vart teke att til fengselet. Der venta åtte månader bak lås og slå, etter fire månader på flukt. Møta på Ringerike fengsel var tøffe.

– Fyrste gong eg fekk treffe han i fengselet var bak ein glasvegg med telefon. Eg hadde nokre rusrelaterte dommar frå før, så eg måtte søke om å få besøke han. Det var utruleg strengt, og møta kjendest unaturlege, fortel Alice.

Dei to heldt kontakten gjennom brev og besøk, og kjærleiken vaks.

–Vi bestemte oss for å gifte oss, og vielsen fann stad i fengselet. Ein kan trygt seie at det ikkje vart som alle andre bryllaup, men det var så fint som det kunne bli. Vi hadde ein pastor, nokre gjestar og ein gitar. Fengselet ordna med snittar. Kjetil vart låst ut av cella og låst inn i besøksrommet, der vielsen fann stad, seier Alice. Bryllaupet stod den 9.mars 2005. Det var enno ei stund til Kjetil kom ut.

Rusfri kvardag

Etter åtte månader kom Kjetil endeleg ut. Det vart ingen mjuk start.

– Det var kjempefint å få han ut, men starten vart kronglete. Det var ikkje lett. Løysinga var at vi fekk dra til evangeliesenteret i Karasjok for behandling. Senteret er så langt frå rusmiljøet ein kan kome, det var ikkje berre å stikke derfrå, vi var jo langt ute på ei vidde, fortel Alice.

I Karasjok fann dei to roa.

– Det var godt for oss å vere der, ting roa seg. Vi kunne jobbe med oss sjølv og mot eit liv som rusfrie, seier Alice.

Dei to fekk også jobb på senteret, Alice som saksbehandlar og Kjetil som miljøarbeidar.

–Eg hadde aldri trudd eg skulle få bruk for utdanninga mi i sosiologi, men det fekk eg faktisk! fortel Alice.

–Har vore der sjølv

Etter opphaldet i Karasjok drog dei til Granlien evangeliesenter, så til Østerbro evangeliesenter. Dei jobba på både plassane. I april i år vart det to tilsett som bestyrarar for senteret på Østerbro.

– På Østerbro har vi behandlingsplass til 80 personar. Vi har også skuletilbod for bebuarane. Evangeliesenteret er eit rusfritt, kristent alternativ for rehabilitering av rusmisbrukarar, fortel Alice. Alice fortel at den økonomiske støtta er dårleg for dei som søker hjelp på senteret.

–Under 20 % av bebuarane våre har kommunal garanti for opphaldet. Då eg søkte hjelp var Sunndal kommune utruleg raske til å gje meg støtte, dei betalte for opphaldet. Her på senteret ønskjer vi at alle som vil skal få hjelp, og tek imot alle, uansett om dei får dekt opphaldet eller ikkje. Det er viktig at rusmisbrukarane får hjelp med ein gong dei spør om det, seier Alice.

Bakgrunnen hennar hjelper Alice å relatere til bebuarane på senteret.

–Eg veit kva dei går gjennom. Eg har vore der sjølv. Samstundes er det bra for bebuarane å sjå at ein kan verte heilt rehabilitert. Eg hugsar fortida mi, men det er merkeleg å tenke på at det ein gong var livet mitt. Framtida er lys: eg er heilt rusfri, eg har ein plass å bu, ein jobb å gå til, eg har kjærleik. Det er håp for alle, det finst ein veg ut av rusmisbruk.