Ein trudde kanskje ikkje det kunne verte ein dårlegare vêrsommar. I dag held veret seg stabilt, grått og lunka med noko regn. I morgon vert det noko solgløtt over heile distriktet, men på fredag vert det nok for kaldt for bikini.

På Sunndalsøra vert det mellom 6 og 10 grader og vått i morgon. Det triste vêret kjem på fredag morgon, då vert det 3,1mm nedbør og 4 (pluss) grader, før det vert noko likare i 12-tida. Mot fredag kveld kjem temperaturane opp i heile 10 gradar på Øra.

I Surnadal vert det stabilt grått i dag, med noko solgløtt og rundt 10 grader. På fredag vert det noko nedbør og temperaturar rundt 10 grader.

Rindalsvêret helt seg stabil grått med noko solgløtt og temperaturar mellom 7 og 10 grader i dag, i morgon og fredag. Det same er meldt for Nesset. I Halsa vert det noko varmare med temperaturar opp mot 11 grader.

Men go`vêret kjem! På laurdag vert det strålande finvêr (etter Nordmørsk standard) i heile distriktet. Sola kjem att, og temperaturane ligg rundt 17 grader. Surnadal vert varmast med 19 grader laurdag.