«Ikkje rart AP her i fylket ligger nede for telling med landets dårligare oppslutning på 12%, når AP her i fylket presterer å juble over eit tap i ei viktig sak for vårt fylke i Stortinget»

Ordførar i Aure frå AP og fylkesleiar i AP jublar over at Stortinget stemte ned eit forslag om nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra.

Etter framlegg frå underteikna og FrP, ville Stortinget kunne vedta at nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra kunne bli ein realitet. Dette dersom Stortinget hadde støtta prosjektet og blitt med som part og i eit spleiselag med fylkeskommunane i Møre og Romsdal og i Trøndelag.

Men, det ville altså ikkje AP og SP, og viste til at dette er det fylket som har ansvaret for.

«alle var i prinsippet for prosjektet og at dette måtte gjennomførast som eit spleiselag, men den Norske stat med AP og SP regjeringa ville ikkje være med»

I direktespørsmål til Samferdselsministeren om han kunne bekrefte om regjeringa ville støtte eit slikt spleiselag, unnlot ministeren å svare, forståeleg nok då svaret låg i at regjeringspartia stemte imot forslaget om nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra.

Aure ordføraren frå AP jublar over «vedtaket»?

«Her må det ha vore ei kortslutning ute å gått, for det vart ikkje vedtak i saka, alle framlegg i saka vart stemt ned av AP og co, og dokument 8 forslaget med alle merknader osv» «vedtas ikkje» som fleirtalet i Stortinget slutta seg til.

Realiteten er slik, at fleirtalet med AP i spissen vil ikkje vere med fylka i eit spleiselag for nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra. Dersom ein i reelt ville dette, kunne AP og SP fremma akkurat det framlegget som måtte passe bedre i denne saka, noko dei altså ikkje gjorde, - men, heller stemte imot heile saka.

Rett nok er det sikkert nytt å være på Stortinget som tilhøyrar og følge med på ei lokal sak, men det er alltid ein fordel å følge med på kva som egentlig skjer og kva resultatet blir.

Vedtaket i Stortinget i saka ang nytt ferjesamband mellom Aure og Hitra kan ingen bestride, AP og co stemte dette ned.

Det er også slik etter forretningsorden og lovverket til Stortinget, at ei liknande sak kan ikkje behandlast på nytt i inneværende sesjon.

Derfor havner denne saka dessverre i ei skuff i lang tid, noko AP og SP har hovedansvaret for.

Mvh

Frank Sve

1 nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant for FrP