Møre og Romsdal politidistrikt søkjer etter ein mann og ei kvinne i samanheng med tjuveri av kosmetikk frå eit parfymeri på Kremmergården i Ålesund. Tjuveriet fann stad seint laurdag ettermiddag 15. juli i år, heiter det i ei pressemelding.
Politiet meiner det verkar godt planlagt og organisert, og vil ikkje utelukke at desse to har oppsøkt liknande parfymeri andre plassar både i og utanfor politidistriktet.
Politiet er interesserte i observasjonar av paret knytta både til butikkar, kjøpesenter, eventuelt tog- og busstasjonar.
Tips kan sendast til tips-sunnmore@politiet.no.
Saka er teken opp og omtala i programmet "Åsted Norge" tysdag kveld kl 21.40.