Om lag 150 menneske hadde møtte opp for å få med seg årets meist spanande arrangement i Rindal. Det vart servert kaffe, kaker og grillmat.

Seks lag stilte til start idet krevjande løpet, som besto av sju hinder som skulle forserast på godt vis og på tid. Fire av laga var representantar frå sjuande til og med tiande klasse,  kvar klasse stilte med to utøvarar.

Nokre vaksne bega seg heltemodig inn i kampen, desse stilte på banklaget, lærarlaget og politikerlaget.

Postane var som følgjer: quiz, skyting med pil og bue, svømming med oppblåsbare dyr, balansegang, fisking med gummiand, bløtkakekasting og ansiktsmaling. For å komme seg mellom dei forskjellige postane måtte dei dynamiske duoane ro med gummibåt. Men den som trur farvatna er trygge i  Rindal tek grådig feil! I dag herja piratane Tjønna, og det skaut etter alle deltakarane og forsøkte hindre dei i å gjennomføre oppgåvane.

Tidleg i konkurransen vart det klart at nokon hadde velt å la moralen ta sommarferie. Under kastinga mot gummibåt med gummiand brast det for lærarlaget.

–Vi har eigentleg kaste tre gonger, men vi seier det er to, ikkje sant!? Vi kastar ein gong til! kom det frå Oddrun Husby. Den andre delen av duoen, Linn Dyrnes, tykte det var ein god idé.

Politikarlaget med rådmann Birgit Reich og Arild Haugen (Sp) befann seg på tynn is då Arild måtte male Birgit som ein klovn. Men dei kom seg gjennom det også, Bigrit med eit ekstra stort smil om leppane.

Dei to politikarane sa seg nøgd med eigen innsats etter løpet:

–Det bli itj likar, sa Haugen.

–Ja, eg klamra meg til Keiko så gjekk det bra, fortalde Reich. Ho forserte meisterleg eit hinder med ein oppblåsbar spekkhoggar.

Men innsatsen til tross, det vart ikkje sigar på verken politikarane eller lærarane. Det vart laget frå 10.klasse, Jørgen og Ole, som stakk av med sigeren. Banklaget med Pål og Johannes kom på andre plass, medan lærarlaget med Oddrun og Linn tok ein fin tredjeplass.

Organiasjonen MOT har spela ei viktig rolle som sponsor for arrangementet.

Etter Tjønna Challenge vart det offentleggjort kven niandeklassingane sjølv ville kåre som klassens forbilde. Klassen var full av lovord om Albert Lorgen Bolmøyen og Ingrid Stokke, som tok imot heidersbetegnelsen frå klassekameratane sine, til stor applaus frå publikum.

Sia vart det konsert med nokre av dei finaste røstene vi har i distriktet, Lone Lorgen song fantastisk før Torstein Snekvik (som også er MOT-ambassadør) og  Øyvind Glåmen nærast røyrde publikum til tårar.

Meir om Tjønna Challenge og Kulturvøkku i Rindal i Driva onsdag!