–Jaktfeltskyting er god trening før jakta, seier Magnar Strand, leiar i jaktutvalet i Surnadal JFF.

Surnadal JFF arrangerer trening i jaktfeltskyting på Angråmyra skytebane. Jaktfeltskyting er skyting med rifle på ulike dyrefigurar på ulike hald.

– Det blir skote i ulike stillingar, både ståande, liggjande, sitjande og kneståande. Slik får ein trent på alle skytestillingane ein brukar på jakt. Vi ynskjer at jegerane skal bruke våpenet sitt heile året, slik vert dei så gode som mogleg i jakta, fortel Strand.

Jegerar frå ei rekkje jaktlag i kommunen har nytta seg av tilbodet til Surnadal JFF på det flotte anlegget på Angråmyra.

Jaktfeltskyting er ikkje berre trening til jakta, men også ei konkurransegrein. Fleire surndalingar har utmerka seg i sporten, både nasjonalt og internasjonalt.

– Det er stor interesse for jaktfeltskyting og jaktskyting, sistnemnte også med hagle. Vi er ein gjeng frå Surnadal JFF som reiser til nasjonale og internasjonale stemne. Blant dei som gjer det godt, også internasjonalt, er Tonje Fuglås Kvendbø. Ho er både nordisk og europeisk meister. Det sosiale er elles eit viktig aspekt ved skytinga, og før store konkurransar vert det ofte litt fleiping, seier Strand.

Sommaren er faktisk kort for riflejegerar med hjortevilt i sikte. Jaktstart for råbukk er allereie 10.august, reinsjakta startar 20.august, elgjakta den 10.september og hjortejakta den 1.september.

Jaktstart er med andre ord ikkje langt unna, og aktiviteten på skytebanen vil vera sterkt aukande i tida framover. Før den årlege oppskytinga må kvar jeger ha lausna 30 treningsskot.

Surnadal JFF kan melde om stor interesse for jaktfeltskyting på Angråmyra, og gode tilbakemeldingar frå jegerane.

–Ja, det er stor interesse. Jaktfeltskyting er noko som passar for alle jegerar. Her får du realistisk trening til jakta, utan noko resultatpress. Alle er velkomne, neste treningrunde vert den 1. august. Eg vil oppfordre alle jegerar til å vere med da, seier Magnar Strand, skyttar, jeger og leiar i jaktutvaler i Surnadal.