-Det er allereie fleire som har spela fotball på banen i dag, fortel Bergsvein Brøske, leiar i kunstgraskomiteen i Stangvik. Kunstgrasbanen er den nyeste oppgraderinga av Svisholmen.

-I tillegg til banen har det vorte sett opp ei ny sjørøvarskute og dissar på leikeplassen, fortel Bergsvein.

Banen har vorte ein realitet ved hjelp av Surnadal kommune og lokale kreftar.

-Det har vore eit positivt partnerskap mellom kommunen, som har stått for grunnlaget til banen, og lokalsamfunnet, som har bidrege med mange timar arbeidskraft, fortel Bergsvein.

Dugnadsgjengen har stått på som berre det, i går heldt dei på til halv eitt på natta.

-Vi kunne ikkje leggje banen om det regna, heldigvis gjekk regnet så vidt rundt oss, så banen vart ferdig. Det var vi heldig med! Det som er så spesielt her i Stangvik er at alle stiller opp. Treng ein traktorar kjem det nokon med traktor og treng ein gravemaskin kjem han Lars Torslett med gravemaskin, fortel Bergsvein.

Han er ikkje i tvil om at banen kjem til å slå an.

-Nei, det er eg heilt sikker på! Svisholmen trekk folk frå heile distriktet, og mange hyttefolk tek turen hit. Alle nyttar Svisholmen ilag i skjønn foreining, seier Bergsvein.

Bergsvein fortel at Svisholmen i lengre tid har hatt behov for ei oppgradering.

-Plassen har vore moden for ei oppgradering ei stund no. Den nye banen og oppgraderinga av leikeplassen er berre fyrste steg, vi kjem til å søke om fleire midlar til å oppgradere leikeplassen enno meir, men vi er godt i gang!

Ei offisiell opning av banen har det ikkje vorte enno.

-Nei, vi tek ei skikkeleg opning etter sommaren. Men banen er klar for leik og fotball no, så det er berre å ta turen, ta banen i bruk! seier Bergsvein.