Sommerro og Skei spelte i bandet The Tramps i lag med Bjarne Stenberg og Jarl Skei. Alf Olav Fiske vart med litt seinare.

Innspelinga var av det primitive slaget.

-Det skjedde i august 1964, på ein låve i Surnadal, med svært primitivt utstyr, fortel Ola Skei. Dei spelte blant anna på ein heimelaga bass og innspelinga vart gjort på ein Tandberg spolebandopptakar.

Ola Skei har no digitalisert nokre av opptaka. Han har lagt på litt instrumentpålegg, ellers er alt orginalt, og du kan høyre dei rocka melodiane like godt som naboane i `64.

- Dette var for lenge, lenge siden, før Vårsøg vart folkeeige, Henning Sommerro vart ein respektert og seriøs komponist, verda var uskyldig og Beatles var alt! skriv Skei. Han legg til:

-Høyr mellom anna på den fantastiske "engelsken" til Henning i "Rock and roll music" og det ville skriket midt i "I saw her standing there"!

Musikken kan du høyre ved å klikke på desse lenkane:

Rock and Roll Music

I Saw Her Standing There

I`ll Get You

Hjemmet i det fjerne