Steinar Hasselø i Surnadal kulturhus skriv at Surnadal kino vil vise filmar på dei fire kvardagane i jula (27.–30. desember).

- Begge filmane vil gå på dagtid og først ut er «Dyrene i Hakkebakkeskogen», som er basert på boka til Thorbjørn Egner – ei bok som fleire generasjonar har eit nært kjennskap til. Filmatiseringa ser ut til å ha vore vellukka, skal vi tru kritikarane, som stort sett har rulla terningkast til 5 og 6.

Han fortel vidare at «Rogue One: A Star Wars Story» har fått nær like gode terningkast, og at det var nok litt overraskande, då filmen er eit sidesprang i «Star Wars-universet». Den «mest intense Star Wars-opplevelsen på 36 år», skreiv VG sin meldar og kasta, som mange andre, til fem på terningen. «Rogue One» finst både i 3D og som vanleg «flat» kinofilm. Skal du ha med deg 3D-versjonen på Surnadal kino, går den berre tysdag 27. desember.

Surnadal folkebibliotek vil for øvrig ha ope på dei same fire dagane som kinoen i romjula.

På Sunndal kino er det mykje å velje mellom.

I romjula (27. til og med 30. desember) går "Dyrene i Hakkebakkeskogen", "Hundreogettåringen som stakk fra regningen og forsvant", "Snekker Andersen og Julenissen", "Rogue One" og "Passengers" og "Why Him?".