– Det vil vel i første omgang vere snakk om vaktmeistertenester som mindre snikkaroppdrag, måling, vedlikehald av maskineri og utstyr av ymse slag, opplyser han.

Han kan også leige seg ut for kortare periodar til bedrifter som treng ekstra hjelp i tider med produksjonstoppar.

– I tillegg har eg sjølvsagt utleige av lyd- og lysutstyr inkludert rigging. Eg kan også køyre lyd til mindre oppsett, men til større oppdrag kan det vere greitt å leige inn lydteknikar, så stiller eg med anlegg, seier han.

Mauset har leigd verkstadlokale av Rindal kommune i T-komponentbygget.

Brei fagutdanning

Her er han på kjende einemerker, sidan han jobba med vedlikehald og reparasjonar i T-komponent i rundt 20 år.

– Inkludert i leiga er også lokala som husa spiserom den tida det var drift her. Eg har med andre ord spiserom for 40 mann om det skulle bli behov for å utvide drifta, humrar han.

På veggen inne på kontoret har han hengt opp diplom for eit solid utval av fagbrev – som automasjonsmekanikar, industrisnikkar, produksjonsteknikk, industrimekanikar og røyrleggar.

Då skulle vel stort sett det ein treng for å tilby allsidige vaktmeistertenester vere dekt – i tillegg til anna kunnskap han har tileigna seg opp gjennom åra. Med alt folk treng hjelp til, får han bruk for det meste.

Handverkar og musikar

– Når ein begynner å tenkje etter, finn ein ut at ein kan ein god del meir enn ein er klar over, smiler han – og føyer til at om folk treng fagleg hjelp til noko, også på rådgjevande basis, er det berre å ta kontakt.

Som dei fleste vil vere klar over, er Karstein også frontfigur i sitt eige band – Perikom – der han har sett tonar til dikt av fleire lokale lyrikarar.

Men Perikom er sjølvsagt registrert som eige foretak.

Men konsertoppdrag med Perikom – både som soloartist og som band – vil alltid vere del av inntektsgrunnlaget.

– Det var nok litt for å kunne finne tid til å halde på med låtskriving og musikk i tillegg til anna arbeid eg fann ut at det var like greitt å starte eige firma som omfattar alt det andre eg kan tilby tenester på, seier han.