Hovudutvalet for teknikk, miljø og næring i Surnadal er svært bekymra for vedlikehaldet av fylkesvegane i kommunen.

Utvalet har også ansvar for trafikksikkerheita, og meiner at det dårlege vedlikehaldet kan føre til alvorlege trafikkuhell.

Om ikkje sentrale styresmakter gjer noko med vedlikehaldsbudsjetta på fylkesvegane, fryktar vi fleire alvorlege uhell. Dårlege og utrygge vegar hemmar næringsutviklinga i regionen.

Situasjonen er så alvorleg at hovudutvalet krev ekstraordinære tiltak, før fleire ulukker skjer.