Fylkesrådmann Otto Brage Guttelvik ber regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal om å halde fast på konsesjonslova og buplikta. Det var landbruksdepartementet som tidligare i haust foreslo å oppheve både konseksjonsloven og buplikta.

Eigedomsretten er viktig, men omsynet til den som skal leve av å produsere mat bør vege tyngre enn omsynet til den som skal selge. Bortfall av konsesjons- og bupliktregelverket kan føre til prispress og at mange landbrukseigedomar blir omgjort til fritidseigedomar.

Det kan fortrenge dei som vil bruke jorda til matproduksjon, og true fast busetjing i bygdene.

4. Det er positivt med ein kritisk gjennomgang av konsesjons- og bupliktregelverk, med mål om forenkling, forbetring og meir systematisk handheving. Men endringar må byggje på kunnskap om konsekvensane, og ikkje gå ut over mål om å sikre ressursar til matproduksjon. I si utgreiing til utvalet skriv fylkesrådmannen at veksande folketal og nye matvanar krev auka matproduksjon.

Areal eigna for matproduksjon må sjåast på som eit fellesgode. Styresmaktene bør difor ha eit verktøy for å kunne regulere kjøp og sal av landbrukseigedomar, der omsynet til mål om aukande matproduksjon er avgjerande.

I sitt forslag til vedtak skriv fylkesrådmannen visare:

«Eigedomsretten er viktig, men omsynet til den som skal leve av å produsere mat bør vege tyngre enn omsynet til den som skal selge. Bortfall av konsesjons- og bupliktregelverket kan føre til prispress og at mange landbrukseigedomar blir omgjort til fritidseigedomar. Det kan fortrenge dei som vil bruke jorda til matproduksjon, og true fast busetjing i bygdene.

Det er positivt med ein kritisk gjennomgang av konsesjons- og bupliktregelverk, med mål om forenkling, forbetring og meir systematisk handheving. Men endringar må byggje på kunnskap om konsekvensane, og ikkje gå ut over mål om å sikre ressursar til matproduksjon».