Foto: Elin Høstmark

Første fagsamling for viltforvaltarar er onsdag 18. januar. Påkjørselsproblematikk og ettersøk vil vere tema.

Med auka hjortebestand er påkjørsel med bil eit aukande problem, noko som er ein stor risiko både for folk og dyr.

-Utfordringane vil bli belyst både frå eit jegerperspektiv og eit myndigheitsperspektiv og gjennomgåing av gjeldande regelverk, seier rådgivar på regional- og næringsavdelinga Tormod Meisingset.

Som følgje av forvaltningsreforma fekk Møre og Romsdal fylkeskommune tilført nye oppgåver frå 1. januar 2010.

Fylkeskommunen overtok mellom anna rådgiving- og rettleiingsoppgåver på ein del tema innafor viltforvaltning, samt å kunne endre jakttid for elg, hjort, kanadagås og stripegås.

-Vi ønskjer at både viltforvaltarane i kommunane, samt politisk leiar i viltnemnd/hovudutval som har viltforvaltning som oppgåve, deltek på fagsamlinga. Det vil også bli satt av litt tid for diskusjon av andre aktuelle tema og problemstillingar som kommunane sjølv måtte ønske å ta opp, seier Meisingset.