– Taekwon-Do er god, gammaldags folkeskikk med eit preg frå austen, fortel meister Per Andresen. Dei tre siste vekene har over 800 utøvarar frå 7- 60 år vore på sommarleir i Surnadal.

Stigande deltakartal

Sommarleiren vart starta som den fyrste i sitt slag for 24 år sia.

– Den fyrste sommarleiren i 1991 var det 140 som deltok, deltakartalet har stege for kvart år, fortel Andresen. Dei to fyrste leirane vart arrangert på Stord, sidan har Surnadal husa dei kvitkledde. Taekwon-Do har vorte ein populær sport i distriktet, klubben i Surnadal, som har vorte slått saman med klubben på Ålvundeidet, har heile 196 medlemmer, i Rindal er dei rundt 25 aktive, og i Halsa teller dei også 25.

Astrid Dammen Gjeldnes frå Surnadal er med på sommarleiren, ho har høge mål.

– Eg tykkjer Taekwon-Do er utruleg artig, og kjem i alle fall til å halde på til eg får svart belte! fortel ho.

Tre veker

Leiren er delt opp i vaksenveke, ungdomsveke og borneveke. Sist veke var det borneveke, for dei mellom 8 og 12 år. Deltakarane er med på aktiviteter i heile Surnadal, og held til på Nordmøre Folkehøgskule. Kjell Gunnar Polden er lærar på Taekwon-Do linja på folkehøgskulen. Han har holdt på med sporten i 35 år.

– Mange av dei som har gått Taekwon-Do linja på folkehøgskulen kjem att som instruktørar om sommaren, fortel han.

Polden og Andresen er blant dei som starta sommarleiren. Andresen har 8. grad sort belte, og er den høgaste meisteren i Noreg.

– Eg har holdt på med sporten i 38 år. Sjølv om det vert kalla ein kampsport har det lite å gjere med slåsting. Sporten er oppdragande, ein får lære det som verkeleg er viktig, nemleg verdigheit, god oppførsel, respekt og å vere snill med kvarandre, fortel meisteren.

Store ringverknader

Leirvekene er lagt opp forskjellig for dei forskjellige aldersgruppene, men felles for dei alle er at dei nyttjar bygda.

– Surnadal er perfekt, vi har trening både inne og ute, og kvar veke har vi nytta naturen og gått på fjelltur, fortel Polden.

Leirvekene har store ringverknader i heile området.

– Alt i alt vert det rundt 7000 overnattingsdøgn i Surnadal, noko som betyr at leiren er ein av dei største turistsatsingane i distriktet. Deltakarane og familiane deira legg igjen mykje pengar her, seier Polden.

Meir om Taekwon-Do leiren i Driva i dag.