Kriseleiinga i Surnadal har vore samla tirsdag kveld, og skriv dette i ei melding til pressa tirsdag kveld:

Onsdag 31. januar treff ekstremvêret "Ingunn" ytre strøk av Møre og Romsdal. Det er venta lokalt ekstreme vindkast på 35-50 m/s frå sør seinare sørvest, og orkan på kysten.

Statsforvaltaren har hatt møte med alle kommunar og fylkesberedskapsrådet tysdag ettermiddag, 30. januar.

Fylkeskommunen i har beslutta å stenge vidaregåande skular i heile fylket og Vy Møre har innstilt skuleskyssen, onsdag 31. januar.

Dette betyr at alle grunnskulane frå 1. - 10. trinn i Surnadal kommune blir stengde i morgon, onsdag 31. januar, skriv kommunen, og opplys vidare:

Tilsynsordning for 1. - 4. trinn

For elevar på 1. - 4. trinn som kan få privat skyss til skulen, blir det gitt eit tilsynstilbod i opningstida ved deira SFO og skule.

Barnehagane

Barnehagane er opne som vanleg inntil vidare. Vi ber likevel om at dei som kan halde barna heime i morgon, gjer det. Dette fordi vi kan få ein krevande bemanningssituasjon som følge av stengde skular.

I løpet av onsdag blir det gjort ei ny vurdering av situasjonen som gjeld for torsdag 1. februar. Ny informasjon blir gitt i løpet av onsdag.

Sunndal: – Digital undervisning

Sent tirsdag ettermiddag kom Sunndal kommune emd denne meldinga:

– På grunn av uværet som er meldt innstiller Vy skoleskyss i morgen, 31.01.24. Skolene holder derfor stengt i morgen, og det blir tilbud om digital undervisning for elevene. Rektor på hver skole sender ut melding til alle heimene, skriv skolesjef Gerd Anne Bråttvik i ei melding til pressa tirsdag kveld.

Møre og romsdal fylkeskommune følgjer råda frå Meteorologisk institutt og hevar beredskapen som følgje av varselet for dei komande dagane.

Vêret kan føre til at mykje blir stengd og skape problem for mellom anna skoleskyss.

Det er sendt ut raudt farevarsel som gjeld frå onsdag ettermiddag, og som følgje av vêret vil det sannsynlegvis bli stengde bruer og vegstrekningar, spesielt i ytre delar av fylket.

Dette gjer at det er sannsynleg at busslinjer, ferjer/hurtigbåtar og skoleskyss i fylket, kan bli innstilt i løpet av dagen, onsdag ettermiddag.

Mange av elevane i vidaregåande skolar i fylket har lang reiseveg med kollektivtransport. Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal vil derfor gjennomføre digital skole på onsdag.

- Vêrsituasjon tilseier at det kan bli store følgjer for framkomme i trafikken. Vegar kan bli stengd på grunn av trær eller andre objekt i vegbanen. Vi ber alle følgje råda som kjem og ta varslar på alvor. Vi vil følgje tett med på situasjonen, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen i ei pressemelding.

Det er òg venta krevjande forhold i indre strøk natt til torsdag, når vinden skal snu og det kjem nedbør, mest truleg som sludd og snø i indre strøk. Snøskredfaren aukar også vesentleg i løpet av onsdag ettermiddag/kveld.