Det er behov for auka lønnsomheit og stabile rammevilkår i landbruket. No startar dei lokale førebuingane til årets forhandlingar.

Norges Bondelag sitt forhandlingsutval går alltid inn i jordbruksforhandlingane med mål om å inngå ein jordbruksavtale. Det har dei ikkje lykkast med i to av dei tre siste åra.

Behovet for å auke lønnsomheten i næringa, og behov for gode og stabile rammevilkår er det som er gjennomgåande i bøndenes ønske. Regjeringa Solberg legg til grunn at økt lønsamheit til bøndene skal skje gjennom reformer og endringar, samstundes som overføringane skal reduserast.

Norges Bondelags hovudfokus er at bøndene har en inntekt som sikrar eit landbruk over hele landet, og som i størst muleg grad baserer seg på norske ressursar, noko som blant anna bidreg både til mattryggleik, lågare smitterisiko og eit levande kulturlandskap.

I startfasen

Den blåblå regjeringa ønskjer altså en kursendring i landbruket. Så kva er det viktig å ha fokus på fram mot årets forhandlingar? Vi tek ein prat med leiar i Surnadal bondelag, Sivert Mauset.

– Bondelaget lokalt er no heilt i startfasen av førebuingane til jordbruksforhandlingane. No loddar vi stemninga blant medlemmene i Surnadal bondelag og høyrer kva dei tenkjer, før vi tek dette vidare til fylkeslaget, som i sin tur skal ta det vidare sentralt, seier han.

Fristen som fylkeslaget har sett er 15. februar, men bondelaget i Surnadal har ikkje landa på kva for område dei ønskjer skal prioriterast.

– Landbruksforhandlingane er omfattande og omfattar mange område. Men vi vil nok plukke ut nokre område som vi meiner er viktige å prioritere, seier Mauset.

– Må ha variasjon

To av dei tre siste forhandlingane har enda med brot, og i fjor vart det ein litt spesiell situasjon da oppgjøret vart avgjort i Stortinget.

– Det blir vanskeleg dersom vi skal ha ein slik situasjon. Bondelaget gjer sitt yttarste for å få til ein avtale, men eg er spent på korleis regjeringa vil opptre i år, om det blir like provoserande som i fjor, eller om dei kjem oss meir i møte, seier Mauset.

Det er to hovudplattformer i jordbruksoppgjøret, det eine er det som gir inntekt til gardbrukaren, og det andre er det som går på regelverk.

– Det som i år seglar opp som ein av dei store sakene, utan at dette går på oppgjøret, er det som går på lover og reglar i forhold til omsetjing av landbrukseigedomar. Eg trur at det er viktig at ein får med seg mellomsjiktet av gardbrukarar, sørgje for at mellomgruppa ikkje fell i mellom, seier Mauset.

Regjeringa held fast ved målet om auka matproduksjon, men for å klare dette meiner Mauset blant anna at landbruket må ha ein variasjon i bruksstørrelsar.

Tekst.m.innrykk: – Noko av utfordringa er å ha ein politikk som tek vare på dei bruk som har mulegheit for å utvide, utan at ein slår føtene unna dei som ikkje har utviklingsmulegheiter.

I fjor vart dei største bruka prioritert, eit oppgjer Mauset innrømmer han kom godt utav for eigen del.

– Men har vi ein landbrukspolitikk som prioriterer kun stordrift, må mange ta valet mellom å legge ned eller drive kun på hobbybasis.Vi risikerer å miste litt av grunnfjellet dersom vi mister deler av landbruket, seier han.

Ny kvardag

Mauset er ein av dei mange som satsar større. I november flytta han buskapen inn i splitter nytt fjøs, eit fjøs som er dimensjonert for atskilleg større buskap enn han hadde tidlegare. Han er særs godt nøgd med nyfjøset, som etter nokre få innkjøringsproblem og finjusteringar no er i full drift.

– Det vart ein heilt ny kvardag! Buskapen er no tredobla, utan at arbeidsmengda har auka noko særleg. Eg har godt og vel 100 dyr, men skal etter kvart opp i 160–170 dyr på det meste for maks utnytting, fortel han. Det er kjøttproduksjon av kjøttferasen limousin han satsar på.

I forhold til Fylkeskommunens innspel nummer fire (sjå undersak), har dette ifølge Mauset vore eit diskusjonstema blant bøndene det siste året.

– Slik som det er i dag må alle som vel å legge ned og selje mjølkekvoten si selje denne i same fylke som dei sjølv bur. Poenget er at ikkje de beste områda skal ende opp med alt, for så å tømme distrikta. Men størst muleg regionar er vel kanskje det regjeringa ønskjer, i motsetning til andre, som ønskjer at det skal vere slik som i dag, påpeiker Mauset.

Forgubbing uroar

Utviklinga i landbruket går mot færre og større gardar og eldre bønder. Forgubbinga i landbruket er derfor noko som bekymrar mange i forhold til det å ha eit livskraftig landbruk.

Når det blir stadig færre som driv og færre som overtek gardar, går snittalderen sakte, men sikkert oppover. Gjennomsnittsalderen på bonden i Møre og Romsdal er no 52 år, og ofte er den som overtek drifta oppimot 40 år.

Landbruksdirektør i fylket, Anne Berit Løset, seier til Nrk Møre og Romsdal at det går treigt å få ymgre krefter inn i landbruket. Krava til effektivitet og lønsemd skremmer mange.

– Landbruket slit med omdømet. Eit viktig element er at lønsemda i landbruket ofte ikkje står i samsvar med lønsutviklinga i andre sektorar, seier Løset. Ho meiner at fleire burde sleppe til i landbruket via den opne marknaden, men at dette krev ein annan måte å tenkje på. Ofte er det vanskeleg å selje garden, fordi dette er buplassen til familien gjennom fleire generasjonar.