Kven treng sol når ein har slik strålande fotballglede i Rindal? Dei 260 borna som har vore med på Småtrolluka avslutta i dag den vellykka fotballskulen med fotballturnering, finale i mesternes mester og premieutdeling.

Til saman var det rundt 550 frammøtte på banen i dag. I tillegg til dei 260 deltakande borna hadde også ein del publikum (hovudsakeleg beståande av foreldre, besteforeldre, søsken og vener) teke turen til fotballbanen i Rindal. Laga var oppdelt i fem seriar: tippeligaen for dei minste, så VM, Premier League, Champions League og Bundesliga. Tippeligaen vart spela med lag på tre, utan keeper, og dei andre spelte fem og fem.

Regnet heldt seg til periodevise framsyningar, men temperaturen var ikkje noko skryte av. Det har faktisk vore varmare på skilaup i Rindal enn det var på fotballturneringa i dag. Gradestokken heldt seg rundt 10-talet.

Det var godt at ungane vise ein slik varmande entusiasme for sporten. Ein av dei som skinte på banen i dag var Ola Kjelås Gardfjell frå Lier, han var dagens spiss for Tottenham.

-Fotball er så artig! Familien min har hytte i Rindal. Som du sikkert kan sjå på drakta mi held eg ikkje med Tottenham, det er Barcelona som er laget, fortel han.

I pausen av turneringa vart det ein spanande finale i mesternes mester. Ungane har kvalifisert seg i kvar si aldersgruppe, så det var kremen av meistrane som stilte til start i dag. Fyrst ut var dei fem frå dei eldste gruppene, Sigurd Fagerholt, Even Bakken, Mariell Øyen, Bina Randen og August E. Sæther. Det vart ein spanande finale, alle ungane gjorde ein kjempeinnsats. Men det var supermeisteren Mariell Øyen som tok sigeren, etter ei kjempeprestasjon gjennom den krevjande hinderløypa.

Så var det klar fot gruppe to, med dei yngre deltakarane. Dei var: Wilhelm Wilhelmsen, Peder Ranes, Isak Halvorsen, Mikkel Bakken og Tobias Bergsrønning. Publikum jubla og heia intenst dei fem fram gjennom hinderløypa, og Tobias Bergsrønning stakk til slutt av med sigeren.

Vinnarane Tobias og Mariell var godt nøgde med eigen prestasjon.

-Det var krevjande å fylle vassflaska med ein kopp, sia vi måtte springe og balansere samstundes skalv eg sånn på hendene, fortel Mariell.

-Eg tykte også flaskefyllinga var vanskelegast, men det var utruleg artig å vinne! I fjor var eg også med i finalen, då enda eg på tredjeplass, fortel Tobias.

Etter Mesternes mester vart det premieutdeling for dei ungane for var ferdige for dagen, dei fekk alle ein gullmedalje og eit flott diplom. Turneringa held fram til klokka tre i dag.

Sjå fleire bilete frå dagens turnering i vår bildespesial!

Meir om turneringa i Driva onsdag.