Satser på sprintfinale i VM i randonee

Erik Kårvatn har målet klart.

Erik og Gudmund Kårvatn har pakka kofferten og dreg til Andorra fredag morgon. Erik er spent, men gler seg grenselaust til turen.   Foto: Jon Olav Ørsal

Sport

Fredag pakkar Erik Kårvatn kofferten og dreg til Andorra i Spania på VM i randoneé. Han er ein av fem som skiforbundet har teke ut til juniorlandslaget. To har meldt forfall, og dermed er dei tre som fredag setter seg på flyet til Barcelona. I tillegg er faren Gudmund Kårvatn med som lagleiar for juniorane på ein VM-tur som varer frå fredag til neste søndag – altså i overkant av ei veke. Erik skal ta del i tre konkurransar, tysdag 2. mars, torsdag 4. mars og laurdag 6 mars – før dei reiser heim igjen søndag 7. Da ber det rett i karantene og koronatesting når dei passerer grensa på tur heim att.