Surnadal IL Fotball melder på heimesidene sine at Lotteritilsynet gjorde trekkinga onsdag.

Der stakk altså Trollheim Reklame-sjef Holten, som sjølv har mange år med frivillig innsats i fotballgruppa bak seg, av med den gjevaste premien.

Det vil, nærare bestemt, seie ein Volkswagen ID.3 PRO 2022-modell med ein verdi på 367 000 kroner.

2. premien, eitt Altiett-gåvekort med verdi på 5 000 kroner, vart vunne av Kent Ronny Hove. Ved ein feil annonserte idrettslaget og Marita Petersen som vinnar av andrepremien, og Surnadal IL Fotball bekreftar på Facebook at både Hove og Petersen vil motta gåvekort.

Dagleg leiar i Surnadal IL, Juras Chachlauskas, skriv i annonseringa av vinnarane at fotballgruppa har selt 1591 av dei 2000 lodda i samband med årets billotteri.