I eit lesarinnlegg den 18. august spurte eg kva inndekning Høgre og Sp har for å kunne fjerne eigedomsskatten, som begge partia sine ordførarkandidatar har sagt at dei ønskjer.

Ole Joar Bruset svarar meg at dette er ledd i ein debatt på nasjonalt nivå (i Høgre, antar eg) om total skattebelastning og -fordeling. Sidan Høgre i samband med debatten vil avskaffe eigedomsskatten, forstår eg det som at konklusjonen av debatten må bli høgare inntekts- og selskapsskatt for nokon (kven?), og at denne auka inntekta må komme kommunane til gode.

Er det dette vi forbind med Høgre sin politikk? Er økenamnet Høgre-leiaren «Jern-Erna» komme av at ho rundhanda fordelte og ga kommunane gode rammebetingelsar? Eg kjenner at eg tviler på kor realistisk det er med høgare inntekter til kommunane med bakgrunn i Høgre-politikk.

Bruset trekkjer fram at Arbeiderpartiet under behandlinga av kommunebudsjettet for 2023 foreslo å auke eigedomsskatten. Det stemmer.

Vi har i fire år med Senterpartiet ved roret ikkje hatt budsjett som ved kvartalsrapportane verkar å være særleg realistiske. For kvar kvartalsrapportering har mange einingar hatt til dels store overforbruk og løysinga har vore bruk av disposisjonsfondet. Vårt forslag om å sette auka inntekter på disposisjonsfond kunne vore med på å gi oss  råd til sjukepleiarar, lærarar og vaktmestrar i budsjettreguleringar utover året.

For erfaringa seier at det vil komme behov. Ein kommune med stadig overforbruk styrer mot ROBEK-lista, og det er ikkje Arbeiderpartiet sin politikk å styre i den retninga.

Til slutt skriv Bruset at Arbeiderpartiet har gløymt eldreomsorgen. Det er ei skulding utan dekning. I partiprogrammet vårt skriv vi mellom anna at vi ønskjer å

* vidareutvikle «Helsehuset», der vi samlokaliserer og koordinerer ulike kommunale tenester og frivillig arbeid

* opprette fleire bufellesskap for ulike grupper med moglegheit for sosialt fellesskap og aktivitet

Fordi vi vil yte god eldreomsorg og andre kommunale tenester meiner vi at den viktigaste prioriteringa vi kan gjere akkurat no er rekruttering. Vi må sørgje for å ha nok hender og kloke hovud på plass når nye omsorgsbustader, bukollektiv eller sjukeheimsplassar blir opna. Vi er ikkje fornøgde med å byggje ei bygning vi ikkje kan fylle med aktivitet, omsorg, behandling og pleie. Og for å gi god og trygg omsorg i institusjonane vi har, i alle heimar i alle hus, same kvar i bygda det er, så treng vi folk.

Annett Ranes

Ordførerkandidat Surnadal Arbeiderparti